treungen-frikyrkje
Frå venstre: eldste Solveig Jermansen, pastor Rut Stokstad Nielsen, eldste Lena Haugsjå og tilsynsmann Niclas Bengtsson. (Foto: Anne Gunn Tveit Parkinson).

Fest i Treungen Frikyrkje

Rut Stokstad Nielsen vart ordinert til pastor, og Solveig Jermansen og Lena Haugsjå til nye eldste, i Treungen Frikyrkje 19. august.

"Me har sleppt ungdommen til", sa Øyvind Tveit, avtroppande pastor, om oppussinga av kyrkja både utvendig og innvendig denne sommaren. Men 19.august var det også eit generasjonsskifte i leiinga av kyrkjelyden, sjølv om Øyvind held fram som eldste. Rut Stokstad Nielsen, ungdomsleiar her i 11 år, vart ordinert til pastor og Solveig Jermansen og Lena Haugsjå til nye eldste.

Tilsynsmann Niclas Bengtsson stod for innsetjinga og ga kloke ord med på vegen. Rut sin mentor gjennom fleire år, Else Birgit Bergem Strand, pastor i Risør, og tidlegare eldste og gode medvandrar, Astrid Leirvik, var med under forbøna. Lovsongsgruppa og barnekoret "Lollipop" song med smittande glede. Både Solveig og Lena la vekt på ei trygg barnetru frå heim og kyrkje, glade og audmjuke for kallet til ny teneste. Rut takka også for tilliten.

"De kjenner meg, og eg kjenner dikkon". Ho nemnde mykje positivt om arbeidslaget. Som dei usikre læresveinane fekk dele ut brød og fisk, vil ho gå inn i oppgåvene der grunnlaget er den ho, og vi, får vere i Jesus: "Du er mi dotter/ min son, som eg elskar. I deg har eg mi glede." (Matt.17,5). Vi feira nattverd og fekk ynskje to nye medlemer med stemmerett velkomne. Så heldt festen fram i peissalen med smørbrød og moltekrem, songar og gode helsingar.